Treng du nokon å snakka med?

Ein likeperson i Brystkreftforeningen har sjølv erfaring med brystkreft. Denne erfaringa kan vera til hjelp for deg som opplev å få brystkreft tett på livet, anten det er som diagnostisert, pårørande eller om du grunna arv har auka risiko for sjukdomen.
Alle som er råka av brystkreft, kan nytta seg av tilbodet. Å vera likeperson i Brystkreftforeningen er eit frivillig, ubetalt verv for å hjelpa andre. Alle likepersonar i Brystkreftforeningen har teieplikt.
Ein likeperson har tid til å lytta og vil ta deg på alvor. Ein likeperson har føresetnad til å forstå situasjonen din. Brystkreftforeininga har likepersonar i ulike aldrar. Vi har òg likepersonar med metastatisk brystkreft, arveleg brystkreft eller som er pårørande. I Kvinnherad har vi lokale likepersonar som du finn på denne sida Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert