Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Teikn på at barnet ditt synest du har drukke litt for mykje

Sommaren byr på mange anledningar til å drikka alkohol. Når barna er til stades kan det nokon gonger vera lurt å stoppa opp!

Barn merkar ofte at vaksne forandrar seg før dei vaksne merkar det sjølv. Samtidig kan du hugsa at om barnet ditt endrar seg, kan det bety at du har endra deg.

Her er nokre spesifikke teikn som kan tyda på at barnet ditt reagerer på at du har drukke litt for mykje:
1. Barnet ditt trekk seg unna og blir stille
2. Barnet ditt blir årvaken og passar ekstra godt på deg
3. Barnet ditt får mykje stress i kroppen, blir utagerande, uroleg og bråkete

Du kan lesa meir om temaet på Av-og-til  Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?