Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Test av naudvarsel på mobil 12. juni kl. 12.00

Onsdag 12. juni er det planlagt ein felles nasjonal varslingsprøve, der både naudvarsel på mobiltelefon og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg skal testast samstundes.

Det skal utløysast tyfonvarsel kl. 12.00 den 12. juni. Samstundes vil naudvarsel sendast til telefonar kopla til 4G eller 5G rundt same klokkeslett. Varslingsprøven gjerast over heile landet, og alle mobiltelefonar vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane ular.

Telefonen må vera i flymodus eller slått av viss ein ikkje skal få varselet. Varselet vil vera ein høg lyd i ti sekund, og med ei melding som opplyser at det er ein naudvarsel. Telefonar med utanlandsk nummer vil få meldinga på engelsk.

Det er politiet som sender ut test av naudvarsel på mobil, og Sivilforsvaret som testar tyfonane.

Du kan lesa meir om naudvarsel her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?