Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Aktivitet i Klosterfjorden

Equinor skal frå slutten av mai til midten av august gjennomføra sjøprøve med produksjonsskipet Johan Castberg i Klosterfjorden.

I sjøprøven skal det gjennomførast test- og ferdigstillingsaktivitetar som ikkje kan gjennomførast ved kai hjå Aker Stord – førebuingar for slep av skipet til felt i Barentshavet og trening av personell.

Sjøprøven skal etter planen starta 28. mai og vara i om lag 10 veker.

Her finn du meir informasjon:
Informasjon om aktivitet i Klosterfjorden i samband med sjøprøve i Klosterfjorden Pdf, 679 kB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?