Elektronisk kommunikasjonsnett nede i delar av Kvinnherad

Statsforvaltaren i vestland melder om utfall i ekomnettet (elektronisk kommunikasjonsnett), som gjer at fleire område i Kvinnherad har sterkt redusert eller ikkje dekning på mobil og breiband.

Telenor har rekvirert entreprenør for feilsøk.

Utfalla ser ut til å omfatta både Telenor, Telia og ICE. Delar av Tysnes er òg råka.

Nkom har desse råda:

  • Så lenge det er dekning frå èin mobiloperatør i eit område er det mogleg å ringa naudnummera via roaming hjå andre operatørar som har dekning
  • Dersom ein har trådlaust breiband har dei fleste høve til å ringa med WIFI tale
  • Reisa til eit område som har mobildekning

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?