Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Fylkesting for ungdom

Fredag 5. april til søndag 7. april deltar leiar Elisabet Brakestad Boge og nestleiar Tord Sverresson Hatteberg frå Kvinnherad ungdomsråd på Fylkestinget for ungdom.

Fylkesting for ungdom er det øvste talerøyret for ungdom i Vestland fylke, og skal arbeida med å ta i vare ungdommane sine interesser.

Me er heldige som har eit engasjert ungdomsråd og dyktige representantar frå kommunen vår.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?