Amerikanske lærarstudentar

Kvinnherad kommune har i mange år hatt eit samarbeid med Iowa State University om å ta imot lærarstudentar i praksis. 

Studentane som kjem er så godt som ferdigutdanna, det er siste praksisen deira før dei går ut i jobb. Dette samarbeidet er til stor glede for elevane, som får masse praksis i å snakke engelsk. Og også for tilsette som får øva seg i å snakke engelsk og som får sjå korleis nyutdanna lærarstudentar frå USA praktiserer yrket. I helga kom ei gruppe på fem studentar til Rosendal. Det er Logan Carlson, Kami Hauswirth, Taylor Heuthorst, Noah Rusinko og Taylor Washburn. Dei startar på skulane no i dag. Denne gongen er det Hatlestrand skule, Malmanger skule, Bringedalsbygda skule og Husnes Ungdomsskule som får studentar. 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay