Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Vinnaren av tilflyttarprisen 2024

Det var ukrainske Varvara Tsariuk som vann tilflyttarprisen 2024. Vi gratulerer! 

Tilflyttarsamlinga gjekk av stabelen 13. februar med stort oppmøte frå våre nye innbyggarar.

Programmet baud på flotte musikalske innslag frå kulturskulen, ordføraren og kommunedirektøren ønskte tilflyttarane velkomne til kommunen, deltakarane fekk informasjon frå Kvinnherad turlag, Fjellhaugen skisenter, Kvinnherad bibliotek (der alle var med og song bokbussongen). Christian Meaas Svendsen fortalde om det å komma til ein ny stad og korleis han gjorde for å bli ein del av det nye miljøet. K

Tilflyttarprisen vart trekt til slutt, bland deltakarane og det vart ukrainske Varvara Tsariuk som vant! 

Vi gratulerer!  

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?