Er du pårørande eller nær ven til ein person med demens?

Hukommelsesteamet arrangerer kurs om demens for pårørande, med oppstart 14. februar.
Kurset er for deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.
Personen med demens kan bu heime eller på institusjon.
Kurset er onsdag, 14. og 21. februar og 6. og 13. mars.
Stad, Kvinnherad vekst sine lokale frå kl.17.00 – kl. 20.00.
Tema i kurset er sjukdomslæra, tilbod til pårørande og personar med demens, pårørande sin oppleving og meistring, framtidsfullmakt og kommunikasjon.
Her vil du få møta andre i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Påmelding til hukommelses.teamet@kvinnherad.kommune.no Åpnes i nytt vindu.,
eller SMS til 91757194, innan måndag 12.februar 2024
Sist oppdatert