Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Vil du vera meddommar?

Kommunestyret skal velja meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten.

Er du interessert i å melda deg som meddommar?

Den som skal veljast må ha tilstrekkelege norskkunnskapar og vera personleg eigna for oppgåva.
Ein må òg:

  • vera mellom 21 og 70 år
  • stå innført i manntalet i kommunen
  • få vandelen kontrollert

Samansetjing av utvala skal så langt råd er samsvara med befolkninga i kommunen. Kommunestyret vil velja ut meddommarar etter alder/kjønn/yrke/etnisk bakgrunn.

Du finn fleire opplysingar på nettsida til Domstolen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Er du interessert kan du senda melding med desse opplysingane:

  • fullt namn
  • adresse 
  • fødselsnummer
  • telefonnummer
  • e-postadresse
  • yrke og stilling

Skriv òg kva rettsinstans du ynskjer: Haugaland og Sunnhordland tingrett, Gulating lagmannsrett eller Haugaland og Sunnhordland jordskifterett (eller alle).

Send opplysingane til:

Kvinnherad kommune
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal

Eller på e-post til: post@kvinnherad.kommune.no 

Svarfrist er sett til 01.03.2024

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?