Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Nattestengjer Nordrepollen-Gjetingsdalen, Tveitnes-Sunndal og Eitrheim-Saltkjelen

Grunna raudt nivå for skredfare har fylkeskommunen bestemt å stengja FV5032 Nordrepollen – Gjetingsdalen, FV500 Mauranger - Tveitnes og FV49 Eitrheim – Saltkjelen (dette inkluderer Folgefonnstunnelen) frå klokka 21:00 i kveld, søndag 21.01.24.

Entreprenør skal vurdera situasjonen på nytt i morgon kl. 10:00. 

Innbyggjarane som bur i desse områda vert varsla på sms.

Følg med på vegvesen.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. for oppdatert informasjon.

Kartutsnitt frå kommunekart.


Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?