Reduserer betalingssatsane for barnehagar

Frå 01.08.2024 blir dei nasjonale betalingssatsane for barnehage redusert. Kvinnherad kommune høyrer til sona som får sats på kr. 1500,- per månad.
For å møta visjonen om at Kvinnherad kommune skal vera ein attraktiv kommune å bu i - og flytta til, er foreldrebetalinga sett til kr 1400,-. I tillegg vil foreldrebetalinga reduserast ytterlegare med kr 100,- per år fram til og med 2027.
Har du fleire barn i barnehagen, er det 30% reduksjon på foreldrebetalinga. Har du tre barn eller fleire, har Stortinget vedtatt gratis barnehageplass for barn nummer tre og utover.
Sist oppdatert