Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Test av naudvarsel på mobil i dag kl. 12:00

I dag, onsdag 10. januar kl. 12:00, skal det vera ny nasjonal varslingsprøve på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg.

Naudvarselet vil sendast til telefonar kopla til 4G eller 5G. Dei vil då vibrera og spela av eit høgt lydsignal.

Telefonen må vera i flymodus eller slått av viss ein ikkje skal få varselet. Varselet vil vera ein høg lyd i ti sekund, og med ei melding som opplyser at det er ein naudvarsel. Telefonar med utanlandsk nummer vil få meldinga på engelsk.

Du kan lesa meir om naudvarsel her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?