Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Presentasjon av Handlings- og økonomiplan 2024-2027

I dag, fredag 3. november, presenterte kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen forslag til Handlings- og økonomiplan 2024-2027 saman med økonomisjef Niels Jakob Erlingsson.

Kvinnherad kommune har eit framifrå utgangspunkt – uansett målsetting
- Målsettingane skal organisasjonen nå gjennom planar som synleggjer prioriteringar, handlingsrom og føreseieleg gjennomføringsevne. Dei overordna måla for Kvinnherad som samfunn og organisasjon er synleggjort i kommuneplanen sin samfunnsdel Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., som vart vedtatt av kommunestyret i 2022 under perspektiva «Grøn, Frisk og Attraktiv» , innleia kommunedirektøren.
Kommunedirektør sitt forslag til økonomiplan 2024-2027 legg opp til eit driftsoverskot ved utgangen av perioden, slik at kommunen ikkje er avhengig av å selja seg ned i Kraftfondet for å dekka inn underskot på drifta. 
-Då vil kommunen venteleg vera i posisjon til å gjera investeringar med solide eigenkapitalbidrag, og med det frigjera handlingsrom for politiske prioriteringar dei komande åra, orienterte Mikkelsen.

I Kvinnherad har vi god grunn til å vera stolte av kommunen vår  
-I tida framover skal vi gjera kommunen til ein endå betre heimstad og arbeidsplass. Vi er godt på veg allereie. Kvinnherad kommune skal vera kjenneteikna av eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø, som saman med heiltidskultur og eit trygt og støttande arbeidsfellesskap skal gjera kommunen attraktiv i arbeidet med å rekruttera kompetente, gode kollegaer, sa kommunedirektøren.

Her kan du lesa Handlings- og økonomiplan 2024-2027 i sin heilskap Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Niels Jakob.jpg

Økonomisjef Niels Jakob Erlingson gjekk gjennom detaljane. Foto: Kvinnherad kommune

Vidare prosess for Handlings- og økonomiplan 2024-2027 ser slik ut:

  • 9. november: Budsjettsamling formannskapet, gruppeleiarar, kommunedirektøren si leiargruppe og hovudtillitsvalte
  • 23. november: Handsaming i formannskapet
  • 14. desember: Handsaming i kommunestyret


Presentasjonen vert publisert her i etterkant Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?