Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Kven køyrer deg frå julebordet?

Har du planar om å ta deg nokre glas med alkohol, bør du òg planleggja for alternativ transport.

Sjølv om det berre er ein kort tur heim, må du la bilen stå! Du har òg eit ansvar for å melda frå om du veit eller mistenkjer at nokon køyrer ruspåverka.  Køyring i ruspåverka tilstand er ei medverkande årsak til mange alvorlege ulykker på norske vegar. Hugs også at promillen kan sitja i dagen derpå. 
Ver sikker på at du er i stand til å køyra bil før du sett deg bak rattet.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?