Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Skogbruksplanlegging i Kvinnherad

AT Skog startar no opp feltarbeid i Kvinnherad.

For at dei nye skogbruksplanane skal bli så oppdaterte som mogleg, får du no høve til å få med eventuelle endringar som har vore på eigedomen sidan flyfotograferinga i 2018.

Alle som ønskjer ajourføring i kart/plan eller berre å sjå over dei foreløpige karta er inviterte til å koma innom:

Torsdag 09. november i tidsrommet 12.00-19.00 - Kulturhuset på Husnes (møterom 3 som ligger ved kinoen) Sentrumsvegen 37, 5460 Husnes, 

eller

Tysdag 14. november i tidsrommet 12.00-19.00 - Ungdomshuset Samhald i Hatlestrand, Hatlestrandsvegen 760, 5635 Hatlestrand, 

Vel møtt dersom du ønskjer å ta turen innom ein av desse dagane.

 

Her kan du tinga skogbruksplan Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?