Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Bilmodus

Mobilbruk er som kjent årsak til ulykker. Sjølv om handheldt mobil under køyring vart forbode allereie i 2000, klarar vi framleis ikkje å la den vera.

Aktløyse, særleg knytt til bruk av mobiltelefon, er ein medverkande faktor til trafikkulykker. Eit enkelt varsel kan vera nok til å distrahera deg i hundrevis av meter, og aukar risikoen for ei ulykke med 66 %. Når du aktiverer bilmodus på smarttelefonen, gir du Trygg Trafikk ei hjelpande hand i deira mål om å senka ulykkesstatistikken i Noreg.

På Trygg Trafikk sine sider kan du lesa meir om bilmodus Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?