Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Vidareutdanning i palliativ eldreomsorg

I dag starta vidareutdanning i palliativ eldreomsorg for 25 tilsette frå heimetenestene, institusjonane og Bu- og habilitering. 

Undervisninga er eit samarbeid med Verdigheitsenteret. I tre dagar skal deltakarane delta på undervisning der dei er lokalisert i virtuelle klasserom på Rosendalstunet og Husnestunet. I undervisinga er det lagt opp til forelesning, gruppearbeid, refleksjon, og individuelle oppgåver. 

I slutten av november skal dei ha tre dagar med fysisk oppmøte i lokala hos Bu- og habilitering i Herøysundet, der tilsette frå Verdigheitsenteret kjem for å gjennomføra praktisk trening og simulering med dei tilsette.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?