Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling

LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar.

Søknadsfrist 1. november for nye prosjekt


Meir informasjon og søknadsskjema finn du her Lenke til et annet nettsted.



LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. Eit LivOGLyst-prosjekt skal legge til rette for at alle som bur i området, får høve til å bidra. No kan du gjennom ein friviljug organisasjon søkje om tilskot.

Kva saknar du og andre i ditt lokalsamfunn? Fleire møteplassar, fleire aktivitetar, fleire gode samtalar i kvardagen?  

Føremålet med LivOGLyst er å styrkje lokalsamfunnet i brei forstand; styrkje lokal identitet, lysta til å bu og lokalt næringsliv. 

Programmet handlar om å mobilisere dei som bur i eller har tilknyting til området. Det gjer ein gjennom å samla folk på tvers av alder og andre sosiale skilnadar og saman peike ut ein veg mot eit meir levande og inkluderande nærmiljø. Næringsutvikling kan vere ein del av dette.

Samarbeid med kommunen er viktig. Samarbeidet skal vere på lokalsamfunnet sine premiss – det er dei som bur i området som skal eige og drifte sine prosjekt.


Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?