Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Bli sett - bruk refleks!

Refleks er den billigaste livsforsikringa du kan ha!

Bruk refleks så du blir synleg i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar om å bruka refleks som bevegar seg når du går, og at du brukar to refleksar slik at du er synleg frå fleire kantar.

Vi blir stadig flinkare til å bruka refleks i mørket – snart brukar halvparten av oss det – men Trygg Trafikk håpar på at langt fleire prioriterer refleksen i mørket i tida framover.

Kvart år samarbeider Trygg Trafikk med ein designar som lagar årets refleksdagrefleks Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Refleksen kan kjøpast i utvalde nettbutikkar.

Reflekstips:

  • Fest refleks på alle jakker og baggar
  • Bruk refleks som bevegar seg når du går, då synes du best
  • Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar
  • Heng refleksen i knehøgde eller bruk refleksband på bein

Her finn du meir om refleks Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?