Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Har du gamal piggtråd?

Kvinnherad kommune lyser no ut ei ny tilskotsordning for å samla inn piggtråd som ikkje lengre gjer nytta si og som kan vera til skade for menneske og dyr.

Har du gamal piggtråd? Enten på eit gamalt gjerde, eller som ligg ute i terrenget? No kan du få betalt for fjerna den!

Piggtråden skal samlast inn frå areal i Kvinnherad kommune, rullast/pakkast godt saman og leverast inn på SIM Husnes. Her vert piggtråden vegen, og du får utlevert ein kvittering på det du har levert inn. Deretter fyller du ut søknadsskjema for innlevering av piggtråd Pdf, 53 kB, åpnes i nytt vindu. og legg kvitteringa frå SIM ved i ein epost som du sender til Kvinnherad kommune til post@kvinnherad.kommune.no

Utbetaling av godtgjersle skjer fortløpande når vi mottek søknaden din med kvittering for innlevert piggtråd.

Godtgjersla er 75 kr per kilo. På SIM må ein betala ordinære prisar for innlevering av avfall, næringskundar betalar ca 2 kr per kilo.


Piggtråd SIM.png

Dersom du veit om piggtråd ute i terrenget som ikkje gjer nytta si lenger, kontakt grunneigar og høyr om du kan samle den inn! Dei viktigaste reglane for piggtrådgjerde finn vi i Gjerdelova §3 og 5 Lenke til et annet nettsted. og Dyrevelferdslova § 15 Lenke til et annet nettsted.

Takk for innsatsen din for eit piggtrådfritt Kvinnherad!

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?