Engasjert ungdom frå Ungdomsrådet vårt!

Leiar og nestleiar av ungdomsrådet i Kvinnherad kommune deltok på Bufdir sin nasjonale ungdomskonferanse i Mosjøen frå 27. til 29. august.
Totalt 370 påmeldte deltakarar frå ungdomsråd over heile landet deltok. Konferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsråd og dei som arbeidar for og med ungdom i kommunane.
Mosjøen ungdomsråd og Vefsn kommune vart kåra til årets ungdomskommune i 2021, og var arrangør av ein lærerik og inspirerande konferansen saman med Bufdir. Neste gong er det det Kvam sin tur til å arrangere konferansen sidan dei vann prisen for årets ungdomskommune 2023.
Ungdomsrådet vårt har fått mange gode idear til å jobba vidare med for å gjera kommunen vår til ein endå betre kommune for ungdommane våre.
Sist oppdatert