Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Opphevar totalforbodet i Kvinnherad

minner om det generelle bålforbodet

På bakgrunn av redusert brannfare i terrenget vert totalforbodet om å gjera opp eld utandørs oppheva frå og med i dag, fredag 23. juni.

Dette betyr at det er lov å tenna eld eller grilla på kommunen sine tilrettelagde bål- og grillplassar igjen. Det er også lov å tenna sanktansbål.
Kvinnherad brann og redning frårår likevel på det sterkaste å brenna bål eller grilla dersom ein ikkje kan garantera for brannsikkerheita.

Regnet har dempa brannfaren
Nedbørsmengda som har kome dei siste dagane har dempa brannfaren i dei øvre laga i terrenget. Lenger nede i jordsmonnet er det framleis tørt. Ifølgje vêrvarselet kan det igjen koma gult farevarsel, men det er ikkje nok til å oppretthalda totalforbod. Det er varsla meir nedbør neste veke.

Sanktansbål
Ein kan tenna sankthansbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Følg desse råda for trygg bålbrenning:

  • Ta omsyn til brannfare og vindforhold
  • Dersom du ikkje eig grunne sjølv, hugs å skaffa tillating frå grunneigar til å brenna bål
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvar for brannsikkerheita
  • Bålet må vera i god avstand frå bygningar og vegetasjon
  • Ikkje tenn eld på svaberg eller bart fjell då dette gjev varige skadar på berget
  • Bålet skal byggjast av reine treprodukt. Det er forbode å brenna plast, bygningsmateriale og bos
  • Bålet må ikkje vera større enn at du har kontroll på det, og kan sløkkja det ved behov
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning
  • Ha rikeleg med sløkkjevatn lett tilgjengeleg
  • Ein edru, ansvarleg vaksen skal sørgja for at bålet vert sløkt heilt før de forlèt staden

Det generelle bålforbodet gjeld framleis
Det generelle bålforbodet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. i eller i nærleiken av skog og anna utmark i perioden 15. april til 15. september gjeld framleis. Det inneber bruk av alle typar grillar, stormkjøken, bål, eingongsgrillar og bålpanner, for å nemna noko. Alle pliktar dessutan til å visa aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?