Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Kvinnheradstein i kunstverk utanfor regjeringskvartalet

Framfor det nye regjeringskvartalet skal eit kunstverk med steinar frå heile landet få pryda bygolvet. Ein av desse steinane kjem frå Bergspytt-garden Nordbø på Nes i Rosendal.

Skjermdump frå Geopark Sunnhordland.PNG

(Skjermdump frå Geopark Sunnhordland)

-Ein liten bit av Rosendal, med referanse til Bergspytt, som er opphavet til Klebersteinen i Kvinnherad og Ænes kyrkje. Steinen er ein såkalla skrotstein som har blitt vraka under uttak, og er sjølvsagt henta utanfor fredingssona, fortel gardseigar Øyvind Utne.

Her kan de lesa om kunstprosjektet, som er venta å stå ferdig i 2025 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?