Pride i Kvinnherad 2023

Prideflagget og kommuneflagget er heist ved rådhuset i Rosendal i dag, 19. juni. Flagga skal hengja oppe heile døgeret, heile veka fram til og med 25. juni.
❤️🧡💛💚💙💜
Kvinnherad kommune ønskjer med denne handlinga å visa støtte til arrangementet Pride i dalen som går av stabelen laurdag 24. juni.
Kvinnherad kommune støttar retten til å elska kven ein vil og feiring av mangfald. Grunnleggjande menneskerettar er under press fleire stadar i verda. Med pride-markeringa feirar vi kampane som er vunne og kampane som framleis står igjen å kjempa.
Ordførar Hilde Enstad oppmodar alle som har høve til det å støtta opp om Pride i dalen!
❤️🧡💛💚💙💜

Varaordførar Leif Sverre Enes og ordførar Hilde Enstad frå pride-markeringa i fjor.
NB: flaggreglane gjeld ikkje prideflagg og kommuneflagg.
Sist oppdatert