Nattestenging av fylkesveg 500 ved Kroka

Frå og med måndag 12. juni vert det i samband med sprenging- og sikringsarbeid vest for Kroka innført nattestengt veg i fire veker, melder Vestland fylkeskommune.
Vegen vert stengt frå måndag til fredag (ikkje fredags kveld) frå klokka 21:00 til 05:00, med gjennomkøyring mellom klokka 23:45 og 00:15.
Dette gjeld veke 24, 25, 26 og 27.
- Arbeidet vil skje vest for Krokatunellen. Det skal utførast sprenging av høg fjellskjering tett på vegen, opprydding og utlasting av salve med påfølgande sikringsarbeid. Stenginga er tilpassa buss i rute, orienterer fylkeskommunen.
For oppdaterte meldingar kan ein følgja med her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert