Kvikkleireområdet på Tofte/Sæbø

Kommunen får i desse dagar overlevert ein rapport om overvasshandtering frå Norconsult, og vil framover arbeida med å prosjektera tiltak for å ha kontroll med vatnet i området. Dette vert truleg omfattande og kostnadskrevjande tiltak, og kommunen vil ta initiativ til vidare dialog med NVE og Vestland fylkeskommune (som har ansvar for fylkesvegen gjennom området) for å avklara finansiering og gjennomføring.

I førre veke fekk kommunen ei uromelding frå ein innbyggjar om eit lite søkkehol i kanten av vegen Nedre Sæbø i bakken ved tidlegare Tofte skule. Kommunen hyrte ein geoteknikar frå Norconsult som var på staden torsdag kveld for å gjere ei førebels vurdering. Tilsette i VA-eininga til kommunen har grundig sjekka leidningsnettet på staden og gjennom helga var dei på staden tre gonger kvart døger for å sjå om det kom endringar i situasjonen.

Måndag føremiddag drøfta kommuneleiinga tiltak i dei to kvikkleireområda med fagfolk i NVE og Norconsult. Fagfolka konkluderte med at det ikkje er særskilt fare knytt til søkkeholet som no vart oppdaga. Kommunen vil saman med Norconsult setja opp eit program for å overvaka situasjonen i tida fram til det vert klart kva langsiktige tiltak som skal gjennomførast.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay