Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Inviterte til storslått opning

Vestland fylkeskommune inviterte til offisiell opning av den nye gang- og sykkelvegen i Herøysund i dag. 

Den 1,2 km lange vegen har Dimmelsvik Entreprenør AS stått for.
Ordførar Hilde Enstad var til stades saman med smørblide elevar frå Bringedalsbygda skule.

-Gang- og sykkelvegen i Herøysund var prosjekt nr tre i Kvinnheradpakken, så no byrjar vi sjå resultat av det politiske arbeidet, seier snorklipparen nøgd.


snorklipp.jpg

Elevane venta i spenning på snorklippen.


Bringedalsbygda skule.jpg

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?