Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Slik vert årets 8.mai-markering

8. mai feirar vi fridomen og heidrar veteranar frå andre verdskrig og fram til dagens internasjonale operasjonar.

- Markeringa i år er viktigare enn den har vore på lang tid, seier Svein Rekkedal frå NVIO (Noregs Veteranforbund for Internasjonale Operasjonar), og tenkjer på den pågåande krigen.
-Så må ein hugsa på at veteranar er òg unge kvinner og menn, ikkje minst er markeringa òg for pårørande, supplerer Lars Børge Sæberg frå NROF (Norsk Reserveoffiserars Forbund).

Det vil vera to markeringar, éi i Rosendal kl. 11 og éi på Husnes kl. 13.

Program Rosendal:
Appell ved ordførar Hilde Enstad
Tale og kransenedlegging ved Synnøve Handeland

Program Husnes:
Appell ved ordførar Hilde Enstad
Tale og kransenedlegging ved Marianne Nordhus

Lars Børge Sæberg og Svein Rekkedal vil òg vera til stades ved begge markeringane.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?