Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Nærare 100 personar deltok på folkemøte i Olaløo

I går kveld, tysdag 25. april, arrangerte Statkraft eit nytt informasjonsmøte om utbyggingsplanane i Mauranger.

Dei frammøtte fekk informasjon om Mauranger 2, Vilkårsrevisjonen, Mysevatn dam, og drift- og miljøtilsynsarbeidet som blir gjort på anlegga. NVE orienterte om prosessen vidare i samband med vilkårsrevisjonen og Mauranger 2-utbygginga. 
Statnett var òg invitert. Dei informerte om den store linja som skal gå frå Sogndal – Kollnes og Sauda. Delar av denne linja skal gå gjennom Kvinnherad. Til slutt var også Fylkeskommunen invitert for å informera om fylkesveg 45, der ein no held på å planleggja tunell mellom Nordrepollen og Austrepollen.

Dei opp mot 100 personane som møtte fekk servert god mat og informasjon om dei ulike prosjekta.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?