Medarbeidarkafé med fagleg påfyll

Tidenes første medarbeidarkafé blei arrangert på Rosendalstunet torsdag 13. april. Det var særs godt oppmøte av kjekke tilsette i både heimetenesta, institusjonen, og frå bu- og habilitering.


MicrosoftTeams-image (8).png

Prosjektet «Kompetanse og utvikling i ei ny digital helse- og omsorgsteneste» var arrangør, og hadde med seg informasjon om prosjektet og om den store, viktige kartleggingsundersøkinga om digital kompetanse som kjem i mai.


MicrosoftTeams-image (9).png

Dei som ville kunne begynne på undersøkinga allereie under lunsjen.

Alle fekk servert lunsj og drikke. Det var òg ein uformell quiz med premiar. 


MicrosoftTeams-image (10).png

Stig Sundal og Marte Kristoffersen kasta glans over arrangementet og stilte på stand med mykje interessant velferdsteknologi.


MicrosoftTeams-image (11).png

Anna, Rune og nokon fleire, fekk testa hovudkamera frå Jodapro. Dette er eit kamera som skal testast ut av Heimeteneste sør i eit anna prosjekt Kvinnherad kommune deltek i, saman med Ullensvang kommune og Helse Fonna (sårpoliklinikken på Stord).

Det blir ny kafé på Husnestunet torsdag i neste veke.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?