Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Rygg inn - køyr ut

Det er mange gode grunnar til at du bør rygga inn på parkeringsplassen, det gir mellom anna betre oversikt når du kjem og når du forlèt plassen. 

Her får du tre gode grunnar til at du bør parkera med fronten ut:

  • Du har betre oversikt over parkeringsplassen når du kjem køyrande inn. Difor er det smartare å rygga inn i ei parkeringslomme når du kjem enn når du forlèt parkeringsplassen.
  • Parkeringsplassen kan vera oversiktleg og ha god plass når du parkerer, men kan fort bli full og uoversiktleg når du skal køyra ut.
  • Andre har betre oversikt enn deg. Det er lettare å bli merksam på ein bil som er i ferd med å rygga inn i ei parkeringslomme enn når den er i ferd med å rygga ut. Då vil det vera enklare for gåande og andre køyrande å ta førehandsreglar.

Meir informasjon finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?