Resultat frå tilsynskampanjen med solarium i 2022

Direktorat for strålevern og atomsikkerhet (DSA ) tok initiativ til ein nasjonal tilsynskampanje med solarieverksemder for kommunane i fjor vår. DSA fekk tilsynsresultat frå 101 kommunar, og totalt 265 solarieverksemder vart kontrollert. Det er no publisert ein rapport med resultata frå kampanjen.
Les meir og finn lenkje til rapporten i DSA sin nyheitssak Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kort oppsummering av rapporten
Rapporten viser at regelverket vert etterlevd betre samanlikna med tilsvarande tilsynskampanje for 5 år sidan, og at det var færre avvik hos verksemder som også tidlegare har hatt tilsyn. Men framleis er det mange avvik då 65 prosent av dei kontrollerte solarieverksemdene braut eitt eller fleire av dei fem krava i strålevernforskrifta som vart undersøkt. Unge under 18 år får framleis tilgang til solarium og det vert ikkje informert nok om risikoen ved bruk av solarium. Resultata viser at tilsyn hjelper, men at det også er grunn til å stramma inn regelverket og forvaltningspraksisen knytt til solarium.
Sist oppdatert