Vi treng ferievikarar i sektor for omsorg, helse og sosial

Er du ung, gamal, energisk med kjappe steg? Lyst å gjera ein forskjell for nokon som treng deg?

Ynskjer du å tene pengar så du er rusta for studentlivet, eller treng du nokre ekstra kroner for å susa i sivet? 

I ferien må fleire hender til, så våre flinke tilsette kan få seg ein kvil. 

Vi har ledig arbeid med eldre, rus og psykiatri, men kanskje arbeid med menneskje med funksjonsutfordringar er meir din sti? 

Kjenner du eit kall i høve det å hjelpe til, send ein søknad, så ser me kva me får til. 

Einingane i sektoren treng ferievikarar sommaren 2023 - i perioden 19.06.22 til 21.08.22. Det vil vera trong for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, pleiemedarbeidarar, kokk og assistentar i institusjonane og heimetenester.

Her kan du lesa heile utlysinga Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?