Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Er du pårørande eller nær ven til ein person med demens?

Pårørandeskulen startar første kurs 1. februar 2023 frå kl. 17.00 - 20.00

Det vert fire samlingar i Kvinnherad Vekst sine lokale i Uskedalen; 1. februar, 8. februar, 15. februar og 22. februar.

På kurset får du kunnskap om demens og du vil treffa andre pårørande i same situasjon, samt fagpersonell med kompetanse på området.

For nærare opplysingar og påmelding, kontakt Evelyn Mehl Willumsen, e-post: evelyn.willumsen@kvinnherad.kommune.no, eller på telefon til demenskontakt: 91 75 71 94.

Påmeldingsfrist 27. januar.

Arrangør: Hukommelsesteamet i Kvinnherad Kommune i samarbeid med aldring og helse.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?