Rask psykisk helsehjelp

Eining for Rus- og psykiske helsetenester Lenke til et annet nettsted. tilbyr no Rask psykisk helsehjelp (RPH). Dette er eit gratis, kortvarig, lågterskeltilbod bygd opp på kognitiv terapi - som vil seia at ein jobbar med korleis tankane våre påverkar følelsar, kroppslege reaksjonar og handlingar, og ser dette i samanheng. Det er mykje psykoedukasjon, samt eit behov for eigeninnsats i behandlinga.
Inn i dette tilbodet vil ein òg gje tilbod om kurs som t.d. kurs i depresjonsmeistring, kurs i belastningsmeistring og recoverykurs. Dette er kurs me allereie har i dag i kommunen (her finn du meir informasjon om kursa Lenke til et annet nettsted.).
I RPH vil ein ilag med pasient som søkjer seg inn bli einige om kva som er det rette tilbodet, om det er kurs, internettbasert sjølvhjelpskurs med vegleiing, eller individuelle samtalar.
Dette er eit tilbod som omhandlar mild til moderat depresjon, ulike typar angst, søvnvanskar (insomni), stress og belastning samt bekymringar, og begynnande utfordringar knytt til rus.
Ein tar kontakt med RPH-teamet med å sende KUN namn og telefonnummer til:
raskpsykiskhelsehjelp@kvinnherad.kommune.no
eller tar kontakt med
Eva Sjo: 48 19 08 75
Birte Thoresen: 91 66 70 66
Sist oppdatert