Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Første planleggingsmøte med Hardanger Biogass

I dag var første planleggingsmøte mellom Hardanger Biogass og Kvinnherad kommune om etablering av selskapet i Grøn Næringspark på Husnes.

Hardanger Biogass fekk som kjent ENOVA støtte på kr 35 millionar til etablering av biogassanlegg og med det er ei viktig brikke i finansieringa av anlegget på plass.

Det vart diskutert framdriftsplan for anlegget, kva løyve som må på plass, og kva infrastruktur som skal etablerast. Dette er første etablering i Grøn næringspark Kvinnherad og det var såleis på sin plass å feira med kake.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?