Kommunal bustad i Spania
.jpg)
Visste du at Kvinnherad kommune har bustad i Spania som kan leigast til behandling, opptrening, rehabilitering eller ferieopphald?
Bustaden ligg på solkysten like nord for Alicante. Senteret har basseng ute, resepsjon og restaurant. For dei med behov er det mogleg å bestille heimesjukepleie medan ein er der. Det er også enkelte hjelpemiddel tilknytt leilegheita.
Tett på leilegheita ligg Alfas Oasis, eit ferie- og helsesenter med høve for å trening, symjing og tilbod om fysioterapi. Det er òg mange fine turar i nærområdet.
Leilegheita kan leigast av alle innbyggjarar i kommunen, men personar som reiser av helsemessige årsaker vert prioritert om det er ynskje om same periode.
Sist oppdatert