Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Søknad om barnehageplass til hovudopptak

Søknadsfrist: 15.02.2023.

Plassane som vert fordelt ved hovudopptak er med oppstart frå 15. august 2023.
Kvinnherad kommune har samordna opptak for kommunale og private barnehagar.

For å ha lovfesta rett til barnehageplass, må ein søkja innan fristen 15.02.2023. Følgjande kriteria må vera innfridd:

  • Det må vera søkt innan fristen, 15. februar 2023.
  • Søknadsfrist for å endra plass er 1. februar 2023.
  • Barnet må vera fylt eitt år innan utgangen av november.
  • Barn som fyller eitt år innan august 2023 har rett til plass i løpet av august månad.
  • Barn som fyller eitt år i september, oktober og november har rett til å få plass innan den månaden dei fyller eitt år.
  • Retten til å få plass er oppfylt når de har fått tildelt plass i ein barnehage i Kvinnherad kommune.
  • I tillegg til hovudopptaket, kan ein søkja barnehageplass heile året. Barnehagane tek då inn barn etter kvart som dei har ledig plass.
  • Søknad om barnehageplass vert gjort elektronisk. Meir informasjon og lenkje til søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside:

www.kvinnherad.kommune.no/barnehagesoeknad Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?