Sjå bilete inne frå Kvinnherad Arena!

Kvinnherad Arena tek form, og her kjem endeleg bilete frå innsida!

-Me ser verkeleg fram til å få opna Kvinnherad Arena, fortel dagleg leiar Daidalos Dahle.
Det vert eit bygg som kjem til å løfta tilbodet for fysisk aktivitet mange hakk. Skulane får ein heilt anna kvardag, og utvida moglegheiter. Idrettslaga får fleire og betre flater tilgjengeleg. Turn, handball, volleyball, karate m.m. får moderande og motiverande fasilitetar som potensielt stimulerer til styrka rekruttering. Og så skal arenaen leva litt i tida. Gjera seg tilgjengeleg for tiltak som løftar innbyggjarane si folkehelse. Vera opne for sosial utvikling og inkluderingsarbeid.
-Det gjenstår litt før me opnar. Men det nærmar seg. Og då får kvinnheringane, store som små, ein boltreplass me ikkje har sett makan til i våre trakter, sluttar Dahle nøgd.


KA 8.jpg


KA 6.jpg


KA 14.jpg

Ribbevegg i basishallen


Ka 11.jpg

Basishall med nedsenka trampolinar og springgrav med landingspute.

KA 10.jpg

Teleskoptribunar med kapasitet på over 1200 sitjande gjester.


KA 1.jpg

13 m høgt klatretårn med ulike trasèval.


KA 16.jpg

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?