Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Innsamlingsbøsse på avvege

Etter TV-aksjonen har ei av innsamlingsbøssene i Kvinnherad komen på avvege. Heilt rutinemessig har kommunen politimeldt saka - det følgjer mellom anna av TV-aksjonen sine prosedyrar for uønskte hendingar.

Bøssa kom truleg vekk seint fredag 21. eller tidleg laurdag 22. oktober. Etter internasjonal kulturfest i festsalen i kulturhuset vart det sett ei innsamlingsbøsse i kinokiosken som kinogjester kunne putta pengar på. Laurdag føremiddag vart det oppdaga at bøssa var borte. Om nokon har teke vare på bøssa ønskjer den lokale TV-aksjonskomiteen å koma i kontakt med dei.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?