Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Livsmeistringskurs "Mitt liv - mine val"

Livsmeistringskursurset «mitt liv - mine val» startar opp måndag 31.10.22. Det er eit kurs over 6 veker, måndagar og tysdagar frå 09.30-12.30, i rus og psykisk helseteneste sine lokale på Husnes. Kurset er gratis. Deltakarar kan sjølv ta kontakt og melda seg på eller dei kan bli tilvist.

«Mitt liv - mine val» er eit livsmestringskurs, som byggjer på recovery-tenking. Kurset har fokus på sjølvrefleksjon rundt «korleis eg lev mitt liv», og «korleis eg kan ta styring for å leve det livet eg ynskjer». Dette kurset passer alle, uansett livsutfordring.

Les meir og meld deg på her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?