Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

ER DU ELLER KJENNER DU NOKON SOM ER TILSETT SOM SJUKEPLEIAR ELLER VERNEPLEIAR I KVINNHERAD KOMMUNE?

Då har du no høve til å bli betre kjent i eigen sektor – til å prøva noko nytt og til å auka kompetansen din.

Sektor Omsorg helse og sosial har ledige stillingar i eininga Bu og Habilitering, der det vert gjeve rekrutteringstillegg for høgskuleutdanna.

Framover må me som kommune løysa oppgåver meir på tvers mellom einingar og sektorar. Kva treng me å gjera slik at me kan jobba meir på tvers i organisasjonen i framtida?  

Du kan få vera med og utvikla modell for kompetansebygging innad i sektoren, og bidra med erfaringar og kunnskap ved å jobba i ei eining du gjerne ikkje tidlegare har erfaring med. Me kan lova deg kompetansebygging på blant anna nye brukargruppar, lovverk og du vil få vegleiing undervegs.

Du vil kunna bidra til at me får enda meir erfaring på korleis nyttiggjera ressursar på tvers og du vil delta i viktige utviklingsoppgåver saman med teamet ditt i Bu og habilitering.

Velkomen som søkjar!

https://kvinnherad.easycruit.com/vacancy/3022995/225143?iso=nn Lenke til et annet nettsted.


Kontaktpersonar:

Hilde Bakkebø Einingsleiar – mob. 977 78 377

Åslaug Brænde Sektorleiar – mob. 911 38 334

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?