Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Straumstøtte

Regjeringa har vedteke ordningar for straumstøtte, sjå meir informasjon om dette her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Dette har ført til noko uklar informasjon i media. Kommunen har fått ei auke i førespurnader om dokumentasjon og endring for å oppfylle krava til straumstøtte. Dette gjeld særskild endring frå fritidsbustad til heilårsbustad. 

Problemstillinga gjeld for fleire kommunar, og vi viser til informasjon frå Norsk Kommunalteknisk Forening for korleis desse sakene skal behandlast: https://www.kommunalteknikk.no/stroemstoette-paa-hytta.6541903-161016.html Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

I korte trekk: For å endre status på byggverk, må det søkjast og godkjennast gjennom byggesaksbehandling. Dersom ein får godkjent søknad om bruksendring vil matrikkelinformasjon verta endra. Oppdatert matrikkelinformasjon kan nyttast av nettselskapet.

Kva bruk er min eigedom godkjent for?
Dette kan du sjekke på heimesida til kartverket Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Eg vil endre godkjent bruk og status på bygget:
Dersom du vil endre bruken av eit bygg, må det søkjast om bruksendring. Dette er eit tiltak som krev ansvarsrett og det er difor mest nyttig å ta kontakt med eit ansvarleg føretak for rettleiing for din eigedom. Konkret kva som ligg i bruksendring kan du lese meir om i informasjonsark her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kva har eg lov å gjere på eigedomen min?
Kommuneplanen sin arealdel Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. seier noko om kva bruk og omfang som er lov i kommunen. I kommunekart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan du sjå kva område seier der du bur. Har du til dømes fritidsbustad i eit regulert hyttefelt er det vanskeleg å få dispensasjon til å endre bruk til heilårsbustad. Difor er det vanskeleg å svare generelt, for det må gjerast ei konkret vurdering i kvar sak.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?