Samling for lærlingar


Lærlingar[1].jpg

F.v: Hilde Enstad, Victoria Bellamy, Vegar Teigen, Victoria Joleik, Ann Kristin Eide, Amina Eikanger, Hedda Mælen og Ragnhild Bjerkvik.

I går ynskte kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik og ordførar Hilde Enstad velkomen til lærlingane for hausten.

Vidare fekk dei informasjon om rutinar og retningsliner, og utlevert opplæringsbøker.
Alle lærlingane i Kvinnherad kommune har eigne rettleiarar ute på arbeidsplassane. Rettleiarane er dyktige fagfolk tilsett i kommunen som kjenner kvardagen lærlingane skal bli ein del av og gjer ein viktig innsats i å forbereda dei på yrkeslivet.

Kvinnherad kommune gler seg over å få med fleire lærlingar i tillegg til dei som allereie er godt i gang, og ynskjer alle lukka til!

Fagoversikt:
Victoria Bellamy, IKT
Vegar Teigen, Barne og ungdomsarbeidar
Victoria Joleik, Helsefagarbeidar
Ann Kristin Eide, Helsefagarbeidar
Amina Eikanger, Helsefagarbeidar
Hedda Mælen, TAF-helsefagarbeidar
Said Kamal Mohammadi, Tømrar, (ikkje til stades)

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay