Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Har du eit miljøengasjement? Ynskjer du å bidra til ein rein Hardangerfjord? Ynskjer du å tene nokre kroner i same slengen?

Sjå her!


MicrosoftTeams-image (3).png

Foto: Kvinnherad kommune

Rein Hardangerfjord søkjer personar til sertifisering og arbeid med plastsortering.

 

 

Rein Hardangerfjord er eit stort prosjekt som skal gjere fjorden reinare, meir berekraftig og levedyktig. Gjennom ein ryddeaksjon vert det samla inn bos og avfall frå fjorden og målet er at mest mogleg av plastavfallet skal gjenbrukast på best mogleg måte. Det er i den samanheng behov for kring 15 personar som skal sortere i plasten som vert samla inn gjennom ryddeaksjonen. Desse personane vil bli kursa den 15. september og vil deretter delta i sortering fredag 16. september og veke etter 19-23. september. Opplæring og sortering skjer i Rosendalsområdet.

 

 

Forutan

å få bidra på

eit givande og sosialt miljøprosjekt vil deltakarane få gratis billett til konsert i Rosendal fredag kveld, gratis lunsj kvar arbeidsdag og vert løna for dagane med sortering. Naudsynt utstyr og klede vert dekka. Det kan vidare bli mogleg for enkelte å vere med vidare på liknande prosjekt både i Rosendal og andre delar av landet. Ein potensiell karrieremoglegheit dette altså!

 

 

Tiltaket har ein sosial profil og ein ynskjer særskilt personar som står utafor arbeidslivet av ulike årsaker velkomen til å delta, men alle som kan tenkje seg dette vert oppmoda o må ta kontakt. Ein må vere fylt 18 år.

 

Ta kontakt med opplæringsansvarleg Katerina Eriksen på telefon 470 31 603.

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?