Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Oppfriskingsdose av koronavaksine i haust

Kvinnherad kommune opnar for drop in-vaksinering for alle over 65 år. Folkehelseinstituttet vurderer at kommunane ikkje bør utsetje oppstart av vaksinering av aldersgruppa 65 -74 år lenger enn naudsynt.

(Obs: oppdatert dag og tidspunkt for eine vaksinasjonsdagen)

For å kunna gje eit tilbod til alle over 65 år vil vi ha to dagar i Rosendal samfunnshus og to dagar i Husnes kulturhus der folk kan møta opp (drop in).

Stad

Dag og dato

Tidspunkt

Samfunnshuset i Rosendal

Torsdag 15. september 2022

10.00 -15.00

Husnes Kulturhus

Torsdag 22.september 2022

11.00 -19.00

Husnes kulturhus

Onsdag 28. september 2022

11.00 -19.00

Samfunnshuset i Rosendal

Tysdag 4. oktober 2022

12.00 -19.00

Apoteka på Husnes kjem framleis til å ha timar for vaksinering.

Folkehelseinstituttet seier at dersom ein nyleg har hatt korona (Omikron), bør det gå minst 3 veker etter at du er frisk til du tek oppfriskningsdosen.

Folkehelseinstituttet vil i løpet av kort tid vurdera behov for oppfriskningsdose og koma med informasjon om tidspunkt for oppstart av vaksinasjon til personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp.

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?