Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Program for næringsseminar

Kommunestyret i Kvinnherad har vedtatt målsetting om å oppnå folketalsvekst i kommunen. Tilgang på attraktive arbeidsplassar og eit aktivt næringsliv er eit avgjerande element for å oppnå dette.

Ordførar Hilde Enstad inviterer næringslivsaktørar i kommunen til dialogmøte med formannskapet for å drøfte ulike tema knytt til dette.
Vel møtt!

Tid: torsdag 1. september kl. 10.00 – 13.00
Stad: festsalen Husnes kulturhus

Av omsyn til berekning av lunsj er det fint med ei påmelding på mail til bente.hoyland@kvinnherad.kommune.no

Plan for dialogmøtet:
Kl. 10.00 Opning og velkomen v/ordførar Hilde Enstad
Kl. 10.05 Status, utviklingstrekk og utfordringsbilete v/kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik
Kl. 10.15 Næringsarbeid i kommunen, sett frå næringssjefen sin ståstad. kva er gjort, samarbeidsfora/alliansar, v/næringssjef Grete Solheim
Kl. 10.25 Næringsarbeid, sett frå næringslosen i KNS sin ståstad, v/næringslos Frode Hetlevik
Kl. 10.35 Korleis er det å drive næringsverksemd i Kvinnherad og korleis vil vi oppnå utvikling - To næringsaktørar har ordet
Kl. 10.45 pause
Kl. 11.00 Kommuneplanen sin arealdel. Status og framdriftsplan v/plansjef Rune Helland
Kl. 11.20 Et par konkrete saker som gjeld reguleringsplanarbeid - to næringsaktørar har ordet
Kl. 11.30 Lunsj
Kl. 11.50 kafèdialog - Vi drøftar problemstillingar som er aktuelle for å styrke arbeidet med næringsutvikling
Kl. 13.00 oppsummering
Kl. 13.15 avslutning
Ordinært formannskapsmøte startar kl. 14.00,
Stad: Kvinnherad Breiband sine nye lokale på Husnes

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?