Gurine blir ein del av den kulturelle skulesekken

Galeas Gurine blir no ein del av den kulturelle skulesekken i Kvinnherad kommune. Frå i haust får alle niandeklassingar vere med på tur med Galeas Gurine éin dag. Dette  ein del av opplæringa om kystkultur, lokal historie og praktisk båtliv og segling. 

I samband med formidling av kystkultur, inngjekk Kvinnherad kommune og Venelaget for Galeas Gurine i dag ei avtale om segling/tur med Galeas Gurine. Leiar i Interesselaget for Galeas Gurine, Anders Jordal, signerte avtale saman med kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik.


Jordal og Bjerkvik.jpg

Interesselaget for galeas Gurine vil stilla med skipper og mannskap, og tek med totalt 190 elevar frå niande klassetrinn på sjøen. Her skal elevane få ei innføring i praktiske ting som navigering, segling, motorpass og utkikk. Dei skal lære om kystkultur, den lokale historia som er knytt til livet på sjøen, og dei får ein innføring i kor viktig samarbeid er, for å kome godt fram i lag.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay