Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Bli med og rydd strendene for å hindre mikroplast i havet


20220823_105953.jpg

Hugs å melde deg på så snart som mogleg!

15. september 2022 er aksjonsdagen. Men ein kan sjølvsagt rydde helga før/etter.
Fredag 16. sept. vert det arrangert ein gratiskonsert i Rosendal som takk til alle frivillige. Meir info om artist kjem.

Slik melder ein seg på:

  • Reinhardangerfjord.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
  • Rull ned og klikk på : meld deg på (under bli med)
  • Rull ned og finn sona du vil rydde i, klikk på den aktuelle sona
  • Klikk på – ny aksjon – denne finn du i hjørnet øvst til høgre
  • Legg inn dato osv. alle detaljar rundt ryddeaksjonen – OBS ! prøv å beskrive området du skal rydde for eksempel t.d. frå fjæra nedafor Rosendalstunet – til Båthavna i Rosendal. Dette for å unngå at mange planlegg å rydde same området
  • Last ned appen rydde
  • I etterkant går ein inn og registrerer kor mykje ein har plukka og kor ein set det, for henting (obs, evt. sikre bosset så det ikkje vert teken av vær, vind, flo og fjære osb.) Dette kan ein registrere på reinhardangerfjord.no eller i appen.

Verdspressa kjem for å dekke arrangementet, tysk presse vert representert og Sky News!

Har du tilgong til båt er det kjempefint om du har moglegheit til å rydde eit område som ikkje er så lett å komme til frå land.


20220823_110339.jpg
20220823_110336.jpg

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?